Sep 18, 2009

Årstidsenquete

Den siste veka har det gått framover med masterprosjektet mitt. Dette har gått ut over bloggen min. Eg har vore så langt inni ei teoretisk verd at eg ikkje har hatt mental kapasitet til å finne på noko å blogge om. Då eg kom over Lilla O sin enquete om årstider, via google-reader, var denne veldig velkommen. Då kan eg blogge litt, utan å trenge å finne på noko å skrive om sjølv. Og det passer meg veldig bra i dag.
  1. en bok om en ny början. I Arne Garborgs Bondestundentar flytter bondeguten Daniel til Oslo for å studere, til tross for at ingen der heime har særleg stor tru på han. Han får ein ny start, men om han bruker sjansane sine godt, kan vel diskuterast.
  2. en vinterbok. Isslottet av Tarjei Vesaas er den finaste vinterboka eg klarer å komme på. Det er ei av dei finaste bøkene eg klarer å komme på, i det heile tatt. Ho handlar om Siss og Unn, to 11-år gamle jenter, vennskapet deira og Unn si forsvinning.
  3. en vårbok. I Helle Helle si Hus og hjem er det vår. Trur eg. Eller kanskje det er forsommar. Uansett, Anne tenker på å gjere ei rekke vårlege aktivitetar, som å stelle i hagen og lage hageselskap.
  4. en bok med ett födelsedagskalas. Gjøre godt av Trude Marstein er ei bok med 118 forteljarar som får eit par sider til å fortelje om det siste døgnet. Mange av forteljingane er sentrert rundt eit femtiårslag. Og sjølve jubilanten er ein av dei få personane som blir nemnd, men som ikkje får fortelje sjølv. Sjølv om ho på mange måtar står i sentrum for store deler av forteljinga.
  5. en sommarbok. Det er lenge sidan eg las Lillelord av Johan Borgen, men eg hugser sommarferien dei reiser på godt. Kanskje dette er ei bok det er på tide å lese om igjen?
  6. en bok om bröllop. Kristin Lavransdatter sitt bryllup i Kransen, er det første bryllupet eg kjem til å tenke på. Denne er det også på tide å lese ein gong til.
  7. en höstbok. Nattefokk av Johan Theorin er ei av dei betre krimbøkene eg har lese. Mykje av handlinga er lagt til hausten og den tidlege vinteren fram til jul. Havet og veret får stor plass i denne haustboka.
  8. en bok om skolan. Gift av Aleksander Kielland er vel kanskje den mest kjendte norske boka om skulen, kor Lille Marius pugger latingloser til han døyr. Boka er ein god klassikar, vel verdt å lese, sjølv om det heldigvis har skjedd mykje med skulesystemet sidan den tida.
  9. en julbok. Selma Lagerlöf sine Kristuslegender er flotte - det blir ikkje jul utan.
  10. en bok om ett avslut eller avsked. I Ut og stjæle hester fortel hovudpersonen om då han som femtenåring tok avskjed med faren sin, og satt på bussen og såg ut bakruta medan faren står igjen og blir lenger og lenger borte. Dette er ei slik ei vakker skildring.
Det blei overraskande mange norske klassikarar i denne assosiasjonsrekka mi, denne gongen. Sånn kan det gå, når ein skal tenke tilbake på kva ein har lese.

3 comments:

Lilla O said...

Jag är helt klart för dålig på norska författare. Jättekul att läsa dina svar!

Lilla O said...

Nattfåk funkar väl både som höst och vinterbok? Kanske mer höst egentligen...

Bai said...

Vi kan vel bli enige om at Nattefokk er begge deler, kan vi ikkje det?