Feb 14, 2010

Kjærleiksdikt

Tidlegare i dag utfordra eg lesarane mine til å poste kjærleiksdikt, og det kom fram mange vakre ord:

Midifila har introdusert ein lyrikar eg vil lese meir av, ved å poste eit nydeleg dikt om kjærleiken i kvardagen, "Alt dette" av Knut Ødegård.
Little man from another place nemner "Metope" av Olaf Bull. Dette kan lesast her.
Syneline presenterer heile tre songtekstar, av høg lyrisk kvalitet. "Ein ven" av Hans Hyldbakk, "Have I told you lately" av Van "The Man" Morrison og "Eg e gla i deg" av Arnt Birkedal.
Lilledora presenterer Tor Jonsson sitt vakre dikt "Når du er borte".

Eg anbefaler ein kikk innom desse tekstane, her er det mange vakre og stemningsfulle ord om kjærleik.

Edit: Retta opp feil, 15. feb.

2 comments:

Jarle said...

"Når du er borte" - er av ein litt eldre Tor, nemleg Johnson.

Men Tor Ulven har, snodig nok, eit dikt som muligens kan sjåast på som ein pendent, litt mørkare i kanten er det nok. Det går slik:

Sitt hos meg
kjære, fortell

om den tiden
da jeg ikke

finnes mer.

Bai said...

Takk for at du gjorde meg merksam på at eg hadde skrive feil. Eg har jo til og med posta dette diktet sjølv, under rett namn tidlegare, så det var bare ein glipp. Det er retta opp nå.

Dette diktet frå Ulven er sterkt. Det kjente eg ikkje frå før av. Takk skal du ha.